Saturday, November 7, 2009
To steg fram og eitt tilbake
Å arbeida 20 % som lærar høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det var for optimistisk, dessverre. Eg prøvde det førre veke, men auga ville ikkje samarbeida, så no er det full sjukmelding igjen. No går det sånn passe, så lenge eg tek omsyn til auga. Eg kan lesa litt, heldigvis, og elles går eg turar og fartar rundt på diverse behandlingsforsøk. Å stira inn i ein PC er ikkje av det gode, så denne bloggen kjem nok til å kvila ei stund.
Wednesday, October 14, 2009
Ei helseoppdatering
Eg hadde ikkje tenkt at denne bloggen skulle bli ein sjukejournal, men mange spør korleis det står til med helsa mi, så her kjem ei oppdatering.
Etter diverse undersøkingar er det slått fast at det ikkje er noko alvorleg gale med meg. Men eg har fleire små plager som forsterkar kvarandre. Augnelegen seier at eg har svake musklar i auga, som gjer det vanskeleg å fokusera, i tillegg til auka venetrykk og nokre forandringar i augebotnen. Dette skaper trøbbel for meg, særleg når eg ser på ting som rører på seg. Eg blir svimmel, noko som blir forsterka av lågt blodtrykk. Men litt betre har det blitt. Eg trener opp augemusklane ved å sjå på ein blyant som eg fører fram og tilbake, og er no i stand til å lesa litt. Det er ei stor lette! Å vera i arbeid er likevel ikkje aktuelt enno. Det er ein krevjande jobb for auga å planleggja og gjennomføra undervisning, og ikkje minst å retta. Frå neste veke vil eg prøva ta nokre einetimar i tysk, dvs. med éin elev. Det er lettare enn i ein vanleg klasse, der det er mange menneske og blikket blir trekt i alle retningar. Då streikar auga ganske fort.
Når det gjeld magen, har eg ikkje magesår, slik fastlegen min trudde. Sannsynlegivs er det berre snakk om ein sensitiv magesekk. Eg har framleis smerter, men dei er blitt litt mildare no, etter at eg har starta på akupunktur. Dermed er også nattesøvnen litt betre.
Alt i alt har det altså skjedd ei viss betring. Men vegen vidare er uviss. Eg er ikkje så imponert over helsevesenet, som rett nok har konstatert kva som er i vegen med meg, men kan gjera svært lite for å behandla plagene.

Sunday, August 30, 2009
I ustand
Eg er i ustand. Legen har tilvist meg til ymse spesialistar, og eg håpar ein av dei greier å finna feilen og reparera meg.
Det er rart å vera i ustand når ein er van til å vera kjernesunn, frisk, opplagd og velfungerande. Men det er litt spennande òg. Eg ser på det som ei nyttig erfaring.

Sunday, August 23, 2009
Førebiletet Håvard
Håvard, den eldste nevøen min, har nettopp byrja på skulen, og han er eit lysande eksempel for alle elevar: "Eg vil ikkje bruka tid på å gå på do, for eg vil følgja med HEILE tida."
(NB: Det lysande eksemplet ligg i andre del av utsegna.)

Friday, August 21, 2009
Eit lite triks
I går var eg hos legen og tok blodprøve. Det er noko av det verste eg veit, men eg har funne eit lite triks som får meg til å konsentrera meg om noko anna. Eg byrjar på eit høgt tal, f.eks. 900, og så tel eg baklengs, tre tal om gongen: 900, 897, 894, osv. Det hjelper litt.
Friday, August 14, 2009
Sommaren min
Tidlegare har eg skrive fleire innlegg om kor viktig det er å ha eit positivt fokus. Men i det siste har eg fått erfara at det kan vera vanskeleg. Det negative har ein lei tendens til å dominera i sinnet. Sjølv om eg på mange måtar har hatt ein bra sommar, er det dei følgjande punkta som har prega - og framleis pregar - sommaren min:
- vondt i ryggen
- vondt i hoftene
- magesår
Dette skulle eg likevel ha takla bra, hadde det ikkje vore for det neste punktet:
- elendig nattesøvn, dels på grunn av smerter i hofter og mage, dels av uforklarlege grunnar
Å sova godt om natta er avgjerande for å kunna fungera skikkeleg i kvardagen, har eg oppdaga. Så mottoet mitt om å fokusera på det positive blir verkeleg sett på prøve for tida. Men eg held på at det er lurt, og eg prøver, og klarer det i alle fall delvis.

Saturday, August 8, 2009
Etymologi
Eitt av dei mest interessante felta i språkvitskapen er etymologi, dvs. læra om opphavet til orda. Her er to etymologiske smakebitar:
Benedikte (latin) = velsigna (perfektum partisipp). Infinitiven benedicere tyder eigentleg å seia noko godt (bene = godt, dicere = seia).
Marsipan (latin) = Markus sitt brød. Marci = Markus sitt (genitiv av Marcus), panis = brød.

Subscribe to:
Posts (Atom)