Thursday, December 30, 2010

Nyttårsønske

For ca. 25 år sidan, då eg gjekk i 4. klasse, strauk eg til symaskinsertifikatet. Etter det har eg ikkje rørt ei symaskin. Men eg innser meir og meir kor praktisk det hadde vore å kunna sy med maskin. Så eg har eit ønske for 2011: å læra meg å bruka symaskin. Då treng eg ein tolmodig og vennleg lærar med god tid og gode pedagogiske evner. Det beste hadde nok vore ein pensjonist med fritidsproblem. Håpar nokon melder seg.

0 comments: