Tuesday, January 25, 2011

Norsklæraren ergrar seg

Når eg minner eit ungt menneske på eitt eller anna, får eg ofte svaret: "Ja, eg veit." Då grøssar eg litt. For det manglar då eit ord her? "Ja, eg veit det," vil eg heller høyra. Det verste er at det ikkje berre er ungdommar som seier dette. Hadde det endå vore så vel. Det er mykje lettare å bera over med dei unge når det gjeld språkbruk; dei kan jo veksa av seg uvanane. Men når godt vaksne folk seier "Ja, eg veit," då blir grøsset ekstra sterkt. Kan dei ikkje skjerpa seg litt?

0 comments: