Saturday, September 24, 2011

Skitne klede

Etter ein lang dvaleperiode er bloggen min i ferd med å vakna til liv igjen. Auga mine er litt betre, slik at eg toler meir pc-bruk, og eg har komme over noko svært viktig som det er verdt å blogga om.

Forum for utvikling og miljø gav i 2008 ut ein rapport som heiter "Skitne klær". Det er altså tre år sidan, og dessverre har eg ikkje oppdaga rapporten før no. Her kjem det fram hårreisande informasjon om tekstilindustrien. Visste du f.eks. dette om bomull?

- "Konvensjonell, intensivt produsert bomull er ikke miljø-, helse- eller arbeidervennlig på noe stadium i livsløpet."

- "Kjemikaliene som brukes på bomull er klassifisert blant de mest giftige sprøytemidlene som finnes og medfører alvorlige helseskader på mennesker og dyr."

- "Kilder som Verdens Helseorganisasjon (WHO) (...) opererer med tall på akutt forgiftede mennesker pga. sprøytemiddelforgiftning på ca. 3 millioner årlig hvorav 18 000 - 222 000 dør."

Rapporten tek for seg fleire faktorar i vurderinga av dei ulike tekstila: natur og dyr, arbeid, energi og klima, kjemi, vask og bruk, gjenvinning og avfall, og informasjon og innsyn. Ein finn problematiske område ved alle typar tekstil, og ofte kan eit tekstil skåra bra på eitt område og dårleg på eit anna. Det kompliserer biletet, slik at det er vanskeleg å gje eintydig informasjon om kva som er mest miljø- og arbeidarvennleg. Det er likevel klart at ikkje-økologisk bomull er verstingen, med polyester, akryl, nylon og tech-stoff hakk i hæl.

Her er nokre gode råde som gjeld klede (og andre tekstil):

1) Kjøp færre klede. Bruk det du har, og stell godt med plagga, slik at dei varer lenge. Det er betre å kjøpa dyre kvalitetsklede enn billige klede som raskt hamnar i bosset.

2) Kjøpt brukte klede. Om dei er laga av bomull eller polyester, er då mindre viktig, ettersom skaden allereie har skjedd.

3) Kjøp klede av økologisk bomull, hamp, alpakka og kashmir der det er mogleg; desse stoffa kjem best ut i testane. Lin, ull og silke er òg relativt gode val.

4) Vask kleda sjeldnare. Ofte er det nok med lufting eller flekkfjerning.

For min eigen del kjem eg, så sant det er mogleg, ikkje til å kjøpa eit einaste nytt tekstil av ikkje-økologisk bomull meir, ikkje eingong ein liten vaskeklut. Det finst alternativ, i dette tilfellet f.eks. bambus, som rett nok ikkje er det mest miljøvennlege, men i alle fall betre enn bomull.

No har eg ikkje den tekniske assistenten min i nærleiken, og eg har ikkje lært å leggja ut linkar, men ved å søkja på "skitne klær" kan ein finna rapporten frå Forum for utvikling og miljø. Han er på 56 sider og vel verd å lesa.

0 comments: