Sunday, October 2, 2011
Nokre butikkar
Etter den rystande oppdaginga av kva som går føre seg i tekstilindustrien, har eg prøvd å orientera meg litt etter alternativ. Så langt har eg funne ut at Princess-butikkane sel litt sengetøy og handdukar i økologisk bomull. Utvalet er ikkje stort, men det er då noko. Og viss mange spør etter økologiske varer, kan ein jo håpa på ei utviding. I tillegg har eg vore innom butikken Reindyrka i Bergen. Her sel dei for det meste matvarer, men dei har òg ein liten kolleksjon av økologiske barneklede. Den beste butikken er likevel Fretex. Her får ein billige klede, ein belastar ikkje miljøet, og ein støttar Frelsesarmeen sitt arbeid.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
0 comments:
Post a Comment